fredag 25. januar 2013

Viss eg kunne velje...




Viss eg kunne velje
ville eg valt enklaste vegen inn
og kortaste vegen ut att,
snarvegen, beinvegen
med så lite motstand som råd

Viss eg kunne velje
ville eg valt det minste loddet
lagt det på vekta
og jubla:
eg slapp visst lettast frå det!

Viss eg kunne velje
ville eg valt det største kakestykket
til meg sjølv
fylt tallerken, ete i veg
utan tanke på dykk andre i køen

Viss eg kunne velje
ville eg klatra til topps,
plassert meg på trona
og sett foten på flest mogleg tær;
så fekk eg sitje i fred

Viss eg kunne velje
ville verda vore ein glimrande stad
for meg
og mitt
og mine (viss eg var i godlune)

Viss eg kunne velje…
Gud, lær meg å velje
på tvers av mitt eige hjarte

1 kommentar:

  1. Så viktig innhold, og så effektfullt med gjentakelsene.

    SvarSlett