mandag 14. januar 2013

Trist fugl



I dag er eg ein trist fugl
ein utan stemme
eller song eller fjør

Eg sit i dei nedste greinene
og stirrar ut av den nattsvarte skogen

Der ute, ein stad
ventar gleda og songen
og ei fjørdrakt som heilt sikkert passar

for den som kunne tore fly ut

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar