søndag 6. januar 2013

Stjerneferd



I vekevis har eg vandra
frå trygge kår i Babylon
og vestover
mot ukjent land

I årevis har eg studert
lest og diskutert
skriftene til Daniel
og våre eigne stjernemenn

Og så ei natt, heilt stjerneklar
oppdaga eg: det nye teiknet,
det vi hadde venta på
i hundreår med nattevåk

Ein konge har blitt født!
Den lova jødekongen!
Skal tru kva følgjer dette får
for historia til folka?

I vekevis har eg vandra
leita meg frå grend til grend
og så med eitt, eg møtte kongen;
Men logikken fekk ein diger brest

Gjennom denne bresten ser eg
eit fattig barn på høy og strå
Med eitt verkar gåva mi
så malplassert og feil

Eg kneler likevel, trass håpet
som smeltar vekk i stallvarmen
Kva kan vel dette vesle barnet
bety for heile, store jorda?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar