torsdag 10. januar 2013

Skugge over min

Spontandikt, skrive på inspirasjon frå bloggen Refleksjon på livsvegen, som la ut ei helsing frå Salme 121 i Bibelen. Legg merke til på bildet: Sola, ikkje synleg, men likevel til stade og heilt naudsynt for å kunne sjå landskapet klart. Slik er Gud!




Eg har ein skugge på mi høgre side
ein skugge av lys, ein skugge av nåde
Den fell over min
så du kanskje vil tru det er meg
Men: 
min skugge er mørk, den er kald
og ikkje nyttig til noko

Han som eig skuggen på mi høgre side
opnar for lyset, opnar for gleda
opnar
ja, opnar alt det mørke i meg
alt som ikkje toler dagslys

Han dreg det fram, alt i hop
og eg ropar i angst, i redsle:
trollet vil stivne, trollet vil stivne!
Eg vert forsteina, for evig vulkanisert
i mi fryktelege form!

Då fell hans skugge over trollet,
skuggen som slett ikkje stengjer for lyset
men opnar opp:
opnar døra inn til den levande verda!

No kan eg danse i sola,
for trollet er borte
Eg kan sove i måneskin,
ingen varulv tek over min kropp

Eg er hans, berre hans
og trygg gjennom alt
for hans skugge
er større enn min

4 kommentarer:

  1. Fantastisk!
    Så flott å inspirere :-)

    Nydeleg bilete og tekst!!

    SvarSlett
  2. Dette var helt utrolig flott å lese. Jeg håper flere titter innom og får det med seg. Du har en gave, det er det ingen tvil om.
    Gud velsigne helgen din!!

    SvarSlett
  3. Utrolig vakkert og så gripende! Dette må mange finne og lese!
    Takk! -Margit-

    SvarSlett
  4. Takk for sterkt dikt. Den ufortjente men heldigvis overskyggende nåden.
    Så bra at du deler det du får!!

    SvarSlett