lørdag 12. januar 2013

Skrift i sand

Eg fortset å la meg inspirere. Denne gongen av Spirea og bloggen Hjertespor. I dag skreiv ho blant anna om det å dømme andre, og kva Jesus ville gjort.



Han bøygde seg ned
skreiv i sanden,
notatar om mine synder
tenkte eg

Eg luta skuldrene, peika
på meg sjølv:
Døm meg, forkast meg,
snu ryggen til og forlat meg!

Då retta han seg opp,
såg meg i auga, peika på seg sjølv:
Sjå hendene mine, opne, utstrakte
som eit kors

dei er alltid opne for deg
Sjå sanden, sa han
og strauk over den med foten:
Det som talar imot deg, er borte!

Eg lyfta blikket,
såg vegen opne seg framfor meg
Ingen kunne seie eitt ord
som var betre enn hans

4 kommentarer:

  1. ...og nå leste jeg i kommentar til meg,at du ble inspirert av meg. Det var herlig! du inspirerer meg og-du har en utrolig evne til å skrive. Treffende. Og vet du,historien du tenkte på om mitt innlegg-det lå i bakhodet hele tiden mens jeg skrev ;)så fint at det skinte gjennom ;) god helg videre!

    SvarSlett
  2. Har skrive ein link til innlegget ditt over her også. Hadde tenkt å gjere det tidlegare i dag då eg la det ut, men du veit korleis det er når ein har små born, og sola og snøen kallar! Plutseleg fekk vi det veldig travelt med å komme oss ut... Håpar du også har fine dagar i vintervéret!

    SvarSlett
  3. Flott igjen!
    Takk at du deler :-)

    Fin søndag vidare!

    SvarSlett