fredag 11. januar 2013

Såpeboble



Luft i ei boble,
fanga i tynne hinner
eit fengsel av såpe og vatn

Lengten oppover
mot den blå fridomen;
flyte på luftstraumane

Det naturstridige
i å liggje på bakken,
puste – i fangenskap – puste
av lengt og fortviling

Det håplause håp: Sleppe fri
Når dei brest
er alt likevel over

Paradokset i det
at no, først no
er lufta fri til å sveve

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar