tirsdag 1. januar 2013

Ny verd



I dag vakna eg opp
til ei ny verd
reinvaska, blankskura
vakker
Borna leika i gatene,
dei vaksne smilte og helsa
sendte varme tankar
til menneske dei aldri hadde møtt før
Sola lo
Alle fekk ete seg mette
i denne nye verda

Så gnei eg søvnen ut
av auga
og såg alle sprekkene
i vindaugsglaset mitt

Nett dei same som i går

1 kommentar:

  1. Godt Nytt År!

    I dag har eg gått ein liten tur i fjøresteinane i herleg opphaldsver
    og fanga inn gode skinnande minne frå årets første dag.


    Takk for eit tankevekkande dikt på årets fyrste dag!

    SvarSlett