torsdag 10. januar 2013

Kompasset viser vest



Kompasset mitt viser vestover
mot høge fjell
og djupe fjordar
og sommargrøne skogar mellom
bekkar og kyr som beitar
i skråstilte bakkar

Kompasset mitt viser vestover
peikar mot fjellandet
same kor i verda eg reiser
Det dreier og dreier,
til det har stilt inn kursen
og hjartet fell inn i takta
frå bølgjer mot strandflateøyer

Kompasset mitt viser vestover
Den raude pila dirrar mot min pol
min orienteringsstad i denne
store verda,
der eg har planta flagget
midt i ein vestlandsfjord

1 kommentar:

  1. Så nydeleg, både dikt og bilete. Eh held på med dei siste sidene i Sluk, så det vert ein omtale snart.

    SvarSlett