mandag 21. januar 2013

Kjærleik i gråstein




Kvart kjærlege, ærlege ord
du seier
er som vakker skrift
i sanden
Herleg å lese, vakker å sjå til
men, også enkel å vaske vekk
Havet viser ingen skånsel

Difor, skriv din kjærleik i stein,
i solid og steinhardt fjell
For kvar kjærlege, ærlege handling
du gjer
høgg du skrifta djupare inn i berget
Kanskje er skrifta grov,
men bodskapen er vakker
og umogleg å gløyme

3 kommentarer:

  1. Så glad for å ha funnet bloggen din!! I ord og bilde :-)
    Varm takk fra meg for det du deler

    SvarSlett