lørdag 19. januar 2013

Husdiktet




Dette diktet er eit hus
eit digert, vakkert hus
eller, eit ganske lite
og koseleg
Eit du kan bu i

eller, ikkje eit heilt hus
eigentleg er det reisverket til huset
det som held det oppe

ikkje treverket eller betongen
men det som er mellom

veggane
alt som fyller tomrommet inni
For kva hadde vel eit hus vore,
utan tomrom mellom veggane?

Akkurat. Og det er dette diktet!

3 kommentarer:

  1. Folk treng hus og hus treng folk.

    Godt beskreve :-)

    SvarSlett
  2. En gang hørte jeg om en fattig jente som ikke hadde et hus å bo i. Hun sa det slik:Vi har et hjem, men vi har ikke noe hus og ha det i...Kom til å tenke på det!

    SvarSlett
  3. Ja, det er greit å ha eit hus å bu i, men det viktigaste er kva ein fyller det med!

    SvarSlett