onsdag 2. januar 2013

Good guy/bad guy [1]

Ein reaksjon på utspelet frå NRA: "The only way to stop a bad guy with a gun is a good guy with a gun", og forslaget om å væpne lærarar.
 


Væpna til tennene
går eg på jobb
I’m the good guy
dei svake sin forsvarar
den som ber børa
på skuldrene:
Skulle kjempe mot dei vonde
dei som vil bryte ned
og øydeleggje
det vi har bygd opp,
stele borna si framtid

Væpna til tennene
troppar eg opp,
forskansar meg
bak mitt kateter
Og våpenet mitt,
spør du?
Det er orda mine,
mister
Med dei skal eg kjempe ned
kvar einaste bad guy
eg møter

2 kommentarer:

  1. Tankevekkende! Jeg vil ikke gå inn på våpenforslaget, bare nevne en ting. Noen ganger når jeg har stått alene med opptil 30 elever i klasserommet, har tanken slått meg: Hva gjør jeg visst en ubalansert ungdom/ voksen plutselig står i rommet for å ta noen? For det var noen skremmende episoder som fikk fram slike assosiasjoner...Hva kunne lille jeg stille opp med da? For det var ingen knapp til å trykke på... og uansett ville det ta 70 minutter(!?) før hjelpen kom. Vi er sårbare, vi mennesker, men vold avler vold, heter det...

    SvarSlett
  2. Ja, det er ein ganske vanskeleg debatt. Slik eg ser det er ikkje våpen løysinga på problemet, men av og til, som du seier, kan ein møte situasjonar der andre løysingar verkar håplause. Poenget med diktet mitt er at orda vi nyttar er det sterkaste våpen. Ser vi borna/ungdomane, og møter dei med kjærleik og hjelper dei til å bygge opp eit godt og trygt sjølvbilde, vert ikkje våpen ei sak i det heile!

    Så er det slik at psykisk sjukdom kan forekomme, og enkelte ungdomar fell utanfor og vi klarar ikkje møte dei med den hjelpa dei treng. Då meiner eg at ein restriktiv våpenpolitikk, som den vi har i Noreg, er eit godt hjelpemiddel for å unngå slike episodar som i Newtown. Har dei ikkje tilgang på våpen, kan dei heller ikkje misbruke dei.

    Vel, det er ikkje enkelt å vite kva som er best, men personleg trur eg NRA bommar i sin argumentasjon. Seinare i dag kjem eg til å leggje ut endå eit perspektiv på saka!

    Ha ein god dag vidare!

    SvarSlett