onsdag 30. januar 2013

Gamal lengt




Ein gong stod eg ved breidda
av noko stort

Alt låg ope framfor meg,
det ukjente lokka
og skremde;
eg lengta og frykta

og speida til auga vart våte
og beina fraus fast til bakken

Fuglane flaug forbi
over hovudet
og over den blanke flata
der vindane lokka og dytta og drog

utover, utover, utover
kom utover
ei stille kviskring, ei stemme
varm mot øyra, varm mot hjartet

og eg gjekk

5 kommentarer:

  1. Spennande refleksjon..

    Eg ynskjer å lese to av dikta dine i kveld..
    Landingsplass og Eg ynskjer å vere.
    Gir sjølvsagt opp kilde. (englepappa.blogspot.no)
    Det er i samband med ein avskjedsfest på jobb.
    Vonar det er ok? Du kan svare her :-)

    SvarSlett
  2. Berre kjekt at dikta mine vert brukte til noko!

    SvarSlett
  3. Nydelige ord igjen. Jeg leser det du skriver, englepappa, selv om jeg ikke alltid kommenterer.... Bare så du vet det...

    SvarSlett