mandag 7. januar 2013

Fart



Jorda roterar rundt seg sjølv
i svimlande fart
heile 1667 kilometer
på ein einaste time
og har sin eigen fart rundt sola
108 000 kilometer i timen
Det er så raskt
at det ikkje kan fattast
og viss ein i tillegg tenkjer på galaksen,
vår eigen stjernehop i drift
i det uendelege rommet
er talet 500 000 kilometer
for kvar time som går
(korleis dei enn har klart å rekne ut det,
og fart i forhold til kva?)

Alt dette i betraktning
er det ganske rart:
Det einaste eg merkar
er reila si fart over grusen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar