tirsdag 22. januar 2013

Ein væpnar




Som ein skugge, rett bak meg
har du fylt
gjennom tjukt og tynt
natt og tåke
dagslys og strålande sol

Som min Sancho Panza
glidande, nesten usynleg
mot det grå bakteppet,
men like fullt til stade
usvikeleg, påliteleg

trufast til siste sekund
og alltid presis
så presis, eg kan seie eg veit
når du kjem
alt før eg høyrer stega i grusen

du, mr. Hyde, som eit spegelbilete
av meg sjølv,
ein skugge som passar perfekt
Du, som dukkar opp
når du trur ingen ser, ingen høyrer, ingen
veit

Du
meg sjølv
på mitt verste

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar