søndag 20. januar 2013

Ein klarblå skøytetur




Flyge over isen
leggje meter etter meter bak seg
over den spegelblanke ødemarka

kjenne vinden mot kinna
frosten som nappar og bit
høyre stålet sine drag mot frose vatn

kjenne at du trassar naturlover
trassar tyngdekraft og friksjon
trassar din eigen hang
til å vere i ro
med fast grunn under beina

kjenne at du svevar over djupet
at du glir over noko uhøyrt, noko stort
vite at det er kulda som held deg oppe

kjenne at du er på rett stad til rett tid
kjenne at du er til

2 kommentarer:

  1. Så fint! Eg går ikkje på skøyter, men tykjer eg kjenner korleis det er! GOD SØNDAG.

    SvarSlett
  2. Eg trivst best med fast grunn under meg..
    Men vakker kunst å sjå andre sveve..

    Flott framstilling!

    Fin ny veke til deg og dine!

    SvarSlett