torsdag 17. januar 2013

Ei av dei




Du er ei av dei
som skapar liv, skapar glede
skapar lyst til å stå opp
endå klokka berre er sju

Du er ei av dei
som snur verda på hovudet
ristar den i festene
og set den ned att, totalt forandra

og eg ser på med undring
klør meg forundra i hovudet
og seier Ja vel, så slik kan det vere

og det kan det
for du er ei av dei
som kan kna hjarta mitt
mellom smilande auge og ein leande munn
og skape livslyst hos meg
berre ved å vere
til

2 kommentarer:

  1. Sånn er det å ha barn! <3 Vakkert skrevet - du er utrolig god til å sette ord på følelser og stemninger. Takk skal du ha! Er så gla jeg fant denne bloggen! Gir meg noe hver gang jeg er innom. Ha en flott torsdag! Spirea

    SvarSlett
  2. Så enig med Spirea :-)
    Takk at du deler!

    SvarSlett