tirsdag 8. januar 2013

Eg ynskjer å vera

Eg ynskjer å vera
eit tre
som strekk seg mot himmelen
med lengtande greiner
rotfesta oppover
rotfesta nedover
mot lyset, mot molda

Eg ynskjer å vera
eit tre i Din hage
der blomane gror
og fuglane syng
mot det dansande lyset
i håpet og freden,
substansen eg pustar og veks i

Eg ynskjer å vera
du seier eg er
trass vinden som bøyer meg
stormen som tøyer meg
og
det svikefulle, såre
og ustadige hjarte
som bankar i frykt
mot dei mørkaste netter

Eg ynskjer å vere 
Du seier eg er

og eg kjenner eg veit det er sant
 

2 kommentarer:

  1. Å så vakkert og sant...
    Takk at du deler :-)

    SvarSlett
  2. Kom helt tilfeldig inn på bloggen din og ble fascinert av nydelige dikt. Her er det mye alvor. Jeg ønsker å legge bloggen din på blogglista mi, så får jeg se flere dikt. (Jeg er bokblogger sjøl).

    SvarSlett