tirsdag 22. januar 2013

Dokkemann - Bunden, fri




Eg heng i trådar
let ein annan styre mine rørsler
gå her, gå der
sitje ned, hoppe litt
og eg er glad
ja, glad til
for mine dagar er gode
og livet, om ikkje alltid eit show
så ofte nok

I andre enden er eg festa
til ein som ser meg,
ein som veit kva eg treng
har overblikk og ekspertise
og vil meg berre godt

Du seier eg bør slite meg laus,
ta av åket og finne min eigen veg?
Det er i trådane eg er fri, ser du

tek eg dei av
er det berre tyngdekrafta att
å gjere krav på meg



(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert)

1 kommentar: