lørdag 5. januar 2013

Å eige eit snøfnugg



Eit snøfnugg, eitt blant tusen
fell mot bakken
dansar seg veg gjennom natta – og landar
på den venstre handa mi
slår seg til ro – hos meg!

Du er min! ropar eg
Min, og berre min!
Hjarta mitt syng, og eg reiser meg opp
for å danse i fallande snø

men akkurat då smeltar fnugget
renn vekk i ei anna form
og slettes ikkje eigd
av nokon

Eg set meg ned att
og fell ei tåre,
den tek same vegen som
det smelta fnugget

Berre minnet stoggar att – og vert mitt

3 kommentarer:

  1. Og dette fikk en tåre fram i MITT øye.
    Vakkert skrevet. Følelsesladet og vemodig. <3

    SvarSlett
  2. Alt i naturen kan bli bilde på vår lengsel og smerte...

    SvarSlett