onsdag 23. januar 2013

28 veker/Hei, det er pappa!




Første gongen eg såg deg
hadde du vore menneske
i berre åtte, korte veker
Så liten!
Men alt då var organa dine på plass
og du låg og levde og svevde
og var det mest utrulege menneske

Hjarta ditt banka
og hjernen din jobba på spreng
Kva tenkte du på?
Kva for fantastiske spørsmål
grubla du over då?

Ikkje godt å seie,
og du veit det vel ikkje sjølv heller
tenkjer eg

Men sjå på deg no, du
Sjå på deg!
Så stor!
Du var eit bittelite frø,
og no er du over tusen gram
og viftar med hender og drikk vatn
som gjaldt det livet
(og det gjer det jo, for så vidt)
Og du kan hoppe, ja!
Du kan hoppe, visst kan du det
Eg ser deg, og takk for showet!

No må eg dessverre lukke att vindauget,
det var kjekt
å helse på deg
Snart får eg halde deg i hendene mine,
berre nokre månader att no
Å, du kan tru eg gler meg!

Ta vare på deg sjølv, då, så lenge,
du elska, vesle menneske!

5 kommentarer:

  1. Å, dette var fantastisk å lese - så nydelig, og så fint beskrevet. Dype, sterke følelser til det ufødte barn - men som du likevel har sett et glimt av. Herlig! takk for at du delte og for at du får frem gode tårer hos meg av og til.
    God uke ønskes deg!

    SvarSlett
  2. Eit nydeleg dikt til ein ny verdensborgar snart. Akkurat nå var det godt å lese eit dikt som handlar om stor glede og sterke følelser for det barnet som kjem. Dette på grunn av at eg les Xinrans bøker nett no, som omhandlar kinas mødre som har vore nødt til å kvitte seg med barna sine, før og etter fødselen!

    SvarSlett
  3. Så nydelig!
    Jeg visste ikke at du venter et barn igjen. Ønsker deg all lykke <3

    SvarSlett