fredag 30. november 2012

Med blikk på verda



Med ryggen til universet
og blikket vendt mot jorda
går han sin vante tur over himmelen

Han har sett mykje, månen
sett tider skifte, tider komme
og tider gå

Han har sett hærar ruste opp
og hærar kome heim att,
sett spora i det blodige kjølvatnet

Han har sett foreldre
kjempe for sine born, han har sett
born, aleine – i aude gater

Eit blikk:
Ein nabo som stel
Ein direktør som lyg
Ein ektemann med koffert på perrongen

Han har sett menneske ete
og menneske svelte
død og liv, fødsel og grav, side ved side

og ofte har ein skugge
glidd over ansiktet,
eit skuffa skjær i dei gamle auga

Det er ei tung bør å måtte sjå
kor det går gale
og ikkje kunne gjere noko med det

torsdag 29. november 2012

Ut og over



Ho står der
lengtar ut, langt ut
over til andre sida
av og til
berre

ikkje destruktivt
ikkje med svartsinn
eller lengt etter enden

berre lengt
etter å vere der, vere
i fred, vere lukkeleg

vere saman, vere ei
med ro i sjela

Lengtar, ut og over
men ikkje over og ut

ho står der
endå

stødig

onsdag 28. november 2012

Verda utanfor



Etter mange lange veker
lengtande, ventande
medan tankane grov seg ein veg
til fridomen
og hjarta banka for den frie lufta
dei frie vegane
skogen, og livet sjølv

slapp eg endeleg ut
dører vart opna
verda vart opna,
eg gjekk ut
først nølande,
så i lange byks

gav eg meg i kast med fridomen,
utforska jublande livet
dansa under månen
døste under sola
song mot stjerner og fjerne galaksar

var herre over meg sjølv,
men med delt hjarta, no:
nølande vendte eg tilbake,
viste mi takksemd for gåva
i håp, og frykt

men dørene sto opne, dei
lukka seg aldri
att

tirsdag 27. november 2012

Lydspor



Eg kunne lese
lydsporet i grantrea,
kor naturen hadde herja,
eit kort crescendo, frå sommar
til haust
og alle dei ville vindane
no dempa
til eit minimum

kvilande i mellomrommet
mellom haustens paukeslag
og førvinterens kaldsure tonar

Ein av dei dagane
eg kan klippe ut, henge på veggen
og sjå på med glede
i ettertid;

det var så stille
eg kunne høyre
mine eigne tankar