onsdag 31. oktober 2012

Det som ikkje vart sagt



Det ligg der
som ein knusande stein
mellom oss
Alt
som ikkje vart sagt
Dei stumme orda,
skar som ein kniv
tvers gjennom lufta, mellom oss

og kutta av den tause samtalen
alt før den fekk starta

No, med ryggen til, kjem eg på orda
men det er vel for seint?

søndag 28. oktober 2012

Plask



I
Vårt første plask
På ukjent jord
Ein ring i vatnet
Større og større og større
Heilt til den forsvinn
Og flata ligg tilbake
Nesten urørt



II
Eg falt for deg
Du falt for meg
Saman falt vi
Gjennom




III
Ein skulle tru
vi hadde noko
med
kvarandre å gjere
Flygande dråpar
etter den same steinen

Men då trur ein feil




IV
Så mange steinar som har flydd
Utover, ut over
vatnet
Eg ser, og undrar:
Er stranda snart tom,
eller er der uendeleg
med steinar?
Vil ein dag
den siste steinen
bryte flata
og så:
Stille, for evig?




V
Vi trilla steinen opp
den tyngste bakken
av dei alle
Trilla og dytta og sveitta
Brukte heile dagen
på det
Hadde truleg ikkje noko betre
å gjere
Til slutt stod vi på toppen
med verkande musklar
og ei lette i hjarte
som ikkje var til å ta feil av:
Ei spent glede, nesten
forventning?
Til det som skulle komme

Steinen balanserte vi på stupet
berre ei fjøl hindra den

Vi såg på kvarandre
nesten forelska
sommarfuglar i magen
Telte til tre,
Dytta planken

Steinen falt
Eitt, to, tre, fire sekund
Ikkje meir
Og så: Det største plasket
vi nokon gong hadde sett

Etterpå låg sjøen stille
Fjellet var tomt
Vi gjekk ned att




VI
Vi prøvde det same
ti år seinare
Men gav opp
på halvvegen
Steinen vart liggande i bakken
Og vi gjekk lutrygga
kvar til vårt

VII
Så det siste
plasket
Ein stein i svart vatn
Berre ein liten stein
Kanskje 3 cm stor, på tvers

Eg kasta
den sokk
Verda snurra nett som før

Skulle det ikkje skje
noko meir?