søndag 30. september 2012

Flyte på vinden




Sveve over livet
Flyte på vinden
Eg lukkar augene
strekk ut armane og opnar hendene
Kjenner korleis vinden riv i kroppen
Lufta prikkar mot huda
og huda kjennest levande
Organisk

Eg berre svevar av garde
Let meg føre av vér og vind
Kviler, smiler
Kjenner kor deilig det er
Å vere menneske

lørdag 29. september 2012

Noko anna


Det er ikkje det
at eg vil ein annan stad
Eller, for så vidt, vekk
i det heile
Eg vil berre noko anna
At det skal skje noko,
ei endring
Noko må skifte retning
eller form, farge, innhald

Det er ikkje mogleg å setje fingeren
på kva det er 
eg eigentleg ynskjer
Det er difor det er så mange som trur
At eg vil vekk
rive opp alt og stikke av

Men det er ikkje det
Det er noko anna

fredag 28. september 2012

Skatt




Eg har møtt så mange menneske
som leitar etter ein skatt
Dei leitar og strevar
Jobbar og slit
- Ein litt større bil
Eit litt større hus
Litt meir pengar i banken
Litt meir populæritet

Dei leitar etter ein skatt,
ved enden av slitet
ved enden av strevet
Eg såg, og undra meg,
for det var så få som såg lukkelege ut

Heilt til ein dag då eg møtte
ein skattejeger med eit smil
og ei glede strålande ut frå auga
- Han hadde funne skatten!
Den låg mellom fem korte fingrar
og vart lagt blant andre skattar

Skattejegeren såg på dei
Studerte dei frå alle kantar, stirra
og flytta på dei
Først hit og så dit, det tok ikkje slutt
Og heile vegen sat han og smilte

Der og då gav eg opp mi eiga jakt
For den vesle skattejegeren hadde lært meg
korleis ein verkeleg skatt ser ut

torsdag 27. september 2012

I glede


I dag vil eg skrive om gleda
som lyset som sildrar i veg
Ei glede som boblar
ei glede som frigir
Ei glede som dansar i meg!

I dag vil eg synge om gleda
som tonar som lyder i kor
Ein song om ein fred
ein song om ei lukke
Ein song om alt godt her på jord!

I dag vil eg leve i gleda
som fyller mitt hjarta med fred
Ei glede i livet
ei glede for evig
Ei glede som straumar hit ned!

onsdag 26. september 2012

Mørkt vatn



Mørkt vatn i årene mine
fyller meg med mørke tankar
mørke idear, mørke kjensler
Mørkt vatn renn gjennom kroppen
fargar meg mørkare
og mørkare

Mørkt vatn gjennom hovudet mitt
vaskar vekk dei glade tankane
vaskar vekk lukka, freden
Det mørke vatnet trengjer seg inn
og mørklegg gårsdagen
og morgondagen

Mørkt vatn trengjer seg på
- eg vil så gjerne ha det vekk!
Det er så mykje eg heller vil gjere
heller vil tenkje
Eg treng lys, lys til vatnet
og lys til denne dagen

lørdag 22. september 2012

Siste skrik



Det er ofte slik
at det gamle må vike
Nye ting tek over, erstattar
Alt vert fornya
med tida

Men minnet om det gamle
varer
I alle fall ei stund
Til dei som hugsar gløymer
Og den nye tingen er gamal

fredag 21. september 2012

Fast punkt




Gje meg eit fast punkt
Eit som ikkje lar seg flytte
av mine tankar eller vinglande idear
Eg er så ustadig
Ustabil
Eg ynskjer ein ting, og så plutseleg ikkje
Og treng noko å fortøye
Sjølvet mitt til

Gje meg eit fast punkt
Eit punkt som står fast
både på varme dagar og triste dagar
Og som held
Uansett kor eg riv og røsker
Og prøver å komme meg vekk
Frå alt

Gje meg eit fast punkt
Grunnfesta og solid, gjennom stormar
Og kaos
Når livet mitt går i stå
Og det er fleire floker enn rette vegar
Eg ser ingen lyspunkt
Ingen til å muntre meg opp
Ingen til å stole på
Det er då eg treng
Eit fast, urokkeleg punkt

Utanfor meg sjølv

torsdag 20. september 2012

Regnbogen


Ein skatt i enden
Og ein skatt i starten:
Eit dyrebart løfte
om alt det som ikkje vil skje

Regnbogen
Eit løfte om utsetjing
Eit løfte om endå meir tid
til å velje det rette

Sol og regn
Glede og sorg
Motpolane smeltar saman
og dannar eit lysspekter
som fargelegg dagane, åra

Alt det vi mista
vil aldri komme tilbake
Regnbogen lyser
lovar oss ei betre tid, ein gong

Skuggemann


Ein skugge av meg sjølv
Eit ekko av ein lyd
som aldri nådde strupen
Eg er ein skuggemann
Eit stille sus, ein framand
Eg prøver gripe verda
Men eg glepp
Verda gir slepp
før eg i det heile får tak

onsdag 19. september 2012

Erkjenning


Erkjenning av
det er så lite eg veit!
Og ei erkjenning
av alt det som er skjult
Det store universet
og det vesle universet
Utover i rommet
Innover i molekyla
Like mystisk, uansett
synsvinkel, angrepsvinkel

Eg tenkjer, eg er, eg finst
Ein del av det heile
eit hjul i maskina
eit sandkorn på den ufattelege
(Verkeleg ufattelege!)
sandstranda

mandag 17. september 2012

Sickness


By my tongue
I belong
To the righteous doing wrong
I am hard
Flipping card
When my life has gone hazard
In my blood
Like a flood
All my wickedness will nod
When I do
All day through
All the things that’s hurting you