torsdag 27. desember 2012

Tusenkanten



Kva er det verkelege meg
kva for ei side
er den eigentlege eg?

Er det kollegaen
som sit over bøkene og jobbar
Er det kollegaen
leande på lunsjrommet
Er det faren
travel på veg til barnehagen
Er det faren
ved middagsbordet?

Kanskje eg er mannen
som vaskar golvet
Kanskje eg er elskaren
under tynne sommardyner
Kanskje eg er lesaren
med bokposen på biblioteket
Kanskje eg er skrivaren
knatrande på niogtjue plastknottar?

Eller er eg broren
smilande på telefonen
Eller er eg sonen
han som endå er liten
- i nokon sitt hovud
Eller er eg svigersonen
den nye vinden, nysgjerrig vakta
av håpefulle hjarte?

Er eg ungdomsleiaren
Er eg kunden i kassa på Joker
Er eg bedehusmannen
Er eg kameraten
Er eg han
Er eg den
Er eg ein
Er eg nokon
Er eg meg
Kven ser du?

Ikkje set meg i bås, er du grei;
Gjer du det
set du fingeren
på den eine sida
i tusenkanten meg
og seier:
det er deg! 


(Bilete måla av mi tre år gamle dotter!)

2 kommentarer:

  1. Ja, man kan undre seg iblant! Mennesketer sammensatt, og man vet ikke alltid hva skallet skjuler - så hvem er jeg innerst inne? Tankevekkende!

    SvarSlett
  2. Veldig bra og utruleg enig!
    For kven er eg?
    Den du ser, eller kanskje den du helst vil sjå?
    Oss er muligens ulike alt etter kven vi møter..

    God Romjul :-)

    SvarSlett