søndag 16. desember 2012

Store ting



Ute fell snøen sakte mot bakken,
verda er kvit og stille,
som låg den under dyna og venta
noko godt som skal kome
Likevel, akkurat no
medan eg skriv,
medan du les,
skjer det store ting der ute

kanskje langt vekke, i verdsrommet,
ei stjerne brenn
sine siste megawatt,
og eksploderer sine milliardar atom
ut i det store tomrommet
Tilbake er eit svart ingenting,
like mykje som når meg, her i sofaen

eller ein annan stad på kloden,
ein sommarfugl kjempar seg fri
frå kokongen,
faldar vengene ut
og svirrar sine første svirr
mellom blomar og beitande kyr

eller nærare, i same by,
eit barn kjempar seg veg ut i fridom
for første gong,
ropar ut si naud, si frykt for det ukjente,
før det slår auga opp,
undrande:
Kva kan eg oppleve her?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar