søndag 16. desember 2012

Sorgskrift i to dimensjonar

Til minne om 20 born som blei ofre for skulemassakren i Newtown i USA fredag 14. desember.



Geografi 

Eg er glad i geografi
- eg kan sitje og sjå i atlas
halve dagen, leite etter stadnamn,
fylje grensene, heilt rundt
Måle avstandar,
la auga vandre over topografien

I dag ser eg ikkje i atlas,
eg ser i spegelen,
ser meg djupt inn i det lyseblå,
den svarte prikken, mitt vindauge til verda

Kunne eg vere vond? Spør eg meg,
ikkje slik kvardagsvond, det er eg jo,
men skikkeleg vondskapsfull, infam?
Kanskje, viss forholda var annleis,
ja, kanskje, viss fortida mi hadde vore ei anna,
og sperrene ikkje etablert

Kanskje viss eg ikkje var glad i geografi,
og historie, og menneska som vandrar over kartet,
så ulike, så vakre
så spennande ukjente

Kanskje eg kunne vere vond, viss eg ikkje hadde lært
å elske

I dag lærte eg eit nytt namn i atlaset mitt,
eit namn eg aldri ville funne,
hadde det ikkje vore for vondskapen

den eg fryktar i mitt eige hjarte,
men trur, ja nesten er sikker på,
eg ikkje kunne gitt slike uttrykk

Eg ser på auga mine,
svarte hol, djupe brønnar inn til mitt inste eg
Dei er fuktige i dag,
undrande tomme, eg har lært eit nytt namn
i atlaset, i dag

fann eg ut kor Newtown er 

Historie 

Historia er ei linje,
frå fortid til framtid,
og vi – eit punkt midt på: No

på linja går vi, 7 milliardar, og set våre spor
i geografien,
den andre dimensjonen,
og dei fleste av oss: fredelege folk,
som berre vil styre med vårt

Så tek nokon kontrollen,
og avgjer andre sitt liv:
Du skal leve, du skal død,
og vi undrar: Kven gav deg retten?
Kven gav deg nøkkelen til døra
mellom død og liv?

Det har skjedd så mange gongar,
så mange som har trudd dei er Gud

og let tjue born, sjølve framtidsskatten,
bli rykka ut frå historielinja, ut frå no,
og inn i det vi kjenner som fortid

Eg legg ein blome på atlaset mitt:
aldri om eg ynskjer å lære namna
på denne måten


1 kommentar:

  1. Du beskriv det så godt..
    Det er ikkje slik vi ynskjer å lære.
    Takk at du deler!!

    SvarSlett