søndag 9. desember 2012

Omvelting



Eg var sorglaus,
(i alle fall nesten)
og hadde store draumar om framtida:
alt eg skulle sjå, alt eg skulle gjere,
alt eg skulle vere!
Så gjekk eg ein dag, utan forvarsel
inn på ein sti mellom bratte fjellveggar,
og det var umogleg å sjå
kva som venta lenger framme

Alt eg visste vart snudd om. Eg
måtte kaste dei gamle planane
over bord, og innsjå
at eg hadde lite og ingenting å seie
for dagane som låg framfor:
Eg måtte berre la dei komme,
og gjere det beste ut av dei

Så lærte eg då noko
mellom dei mørke bergveggene,
på den tunge stien, i skugge for sola:
Ingen veit kva som ventar,
berre dårar tek solskin for gitt




1 kommentar: