torsdag 13. desember 2012

Krav



Så mange krav for å nå opp
Så mange ord ein må forsere
Høgare, høgare!
Betre, betre!

Ropa kjem frå alle kantar,
lyfter meg fram,
seier: Dette er vegen
du må gå, vesle venn!

Ja, men kva då
om min veg er ein annan,
kva om eg må finne min eigen veg
gjennom villnisset?

Det gløymer de visst ofte

Er det rart at eg då
må trampe i golvet,
rope og protestere,
kjempe for mi eiga sak?

Det er fine ord de har
og eg vil nok nå dei (vil det óg)
Men gje meg godt med tid
og kjærleg hjelp, er de snill

og tålmod, ja, store, enorme mengder
tålmod

2 kommentarer:

  1. Nydelig <3 Og gjenkjennelig! Du har en gave i å uttrykke deg...Fantastisk bra. Tusen takk for at du deler med oss som leser...
    Ønsker deg en god torsdagskveld. <3

    SvarSlett
  2. Så flott at du fant meg!
    Så fant eg deg :-)

    Du skriv så godt!!

    Takk at du deler!

    Adventsklem

    PS: utruleg flott tittel på bloggen din.
    Hadde foto på ungdomsskulen. Så veit kva eit mørkerom er ;-)

    SvarSlett