lørdag 29. desember 2012

Julemorgon



Det er laurdag morgon
eg har ferie, har nettopp stått opp
I stova står juletreet
stjerna heng i vindauget bak meg
på bordet står eit einsleg stearinlys

Det luktar klementin
stearin
og gran

Borna ligg på golvet
berre to meter i frå meg
og ser på leikebilar
[og kranglar om leikebilar
slåss om leikebilar
blir einige om leikebilar
-
finn på noko anna å krangle om]
Dei har endå ikkje fått på seg klede,
auga er søvntunge, håret prega
av julenatta som no listar seg ut
på filttøflar
vinkande, smilande:
eg kjem tilbake
med kvile og ro
når dagens leikar er leika,
klementinbollen er tom og
stearinlyset har brunne ned!

Nyt dagen, vesle poet;
den kjem aldri tilbake

1 kommentar: