lørdag 15. desember 2012

Hjarta mot naturen



Det var lengten mot naturen
som drog meg ut hit
Det stille suset av vind i tre;
Levande vesen,
som verken er vonde eller gode,
berre er, pustar inn, pustar ut,
pustar livet og filosoferer 
lite over kvifor 

Det var lengten mot meg sjølv,
mot den eg er skapt til å vere,
eg oppdaga
medan eg låg på den turre skogsbotnen
og lytta til mauren si faste takt
Hjarta mitt - eit ekko
av det eg såg og høyrde,
skremmande frydefull, 
lukkeleg levande



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar