torsdag 20. desember 2012

Flygande støv




Sjå vengene mine,
dei faldar seg ut
mot den nattsvarte himmelen

over meg
eit stjernehav
vidar seg ut, blinkar gjennom
det flortynne sløret av luft
mellom oss

under meg
svart jord, blått hav
grøn mark, der eg høyrer til

Ein tanke festar seg
klorar seg fast, held meg oppe:
du er støv, du er jord, du er vatn

du er gull, du er glas, du er ånd
du er elska, du er til

Sjå vengene mine,
eg faldar dei saman
og flyr like godt

det var ikkje dei som bar meg

4 kommentarer:

  1. Du skriver utrolig godt! Hvis du ikke har gjort det alt, bør du få utgitt tekstene dine! Illustrasjonsbildet passet veldig godt til teksten.

    SvarSlett
  2. Veldig godt skrevet! Fortsett med å skrive!!
    Hilsen fra en annen skribent

    SvarSlett