lørdag 22. desember 2012

Ein finger til trøyst



Nokon gonger ropar eg: Nei!
Kanskje brølar eg,
kanskje spring eg vekk,
legg armane i kors, under eit bord
Underleppa ut
Eg er sint, og du veit det!

Andre gongar trekk eg meg unna,
forsiktig, nesten unnskyldande:
du veit eg ikkje vil såre,
eg må berre gjere ting sjølv,
veit du,
ja, du veit det?
Du veit eg er i ferd med å bli stor?

Men nokon gongar, særleg
når det er mørkt, eller eg er redd,
eller eg føler meg så veldig liten
og verda så uendeleg stor
og skremmande
Då, pappa, då er det godt
å kunne halde i fingeren din

1 kommentar: