mandag 17. desember 2012

Ei stripe blå



Den ukjente tanke
ein stille draum
ei stemme som ikkje talar
kjem vandrande, fykande, krypande
hit, gjennom skogen

Usynlege fotspor, med mønster av smerte
ligg etter på vegen den kom
Men også eit lysglimt,
umogleg å fange:
Eit stille og dirrande håp

I det det passerar, i svimlande fart,
så seint som ei natt full av tårer,
stryk det mitt kinn, lyftar mi hake:
Sjå opp, og sjå!
Skyene vik, ei stripe
av blått fargar dagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar