søndag 2. desember 2012

Det første lyset



Eg vaktar
det første lyset
Det einsame, første
symbolet, vår stjerne mot
mørke vinternatta

Eg vaktar
det første lyset
For einsame, triste
sjeler, dei som sukkar mot
stille vinternatta

Eg vaktar
det første lyset
For tørste, lengtande
menneske, dei som stirrar med håp etter
lyspunkt i vinternatta

Eg vaktar
det første lyset
Eg vaktar det for deg,
eit lys for di lengt, for ditt håp og di tru
midt i vinternatta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar