torsdag 15. november 2012

Stifinnarar



Det er ikkje lett å vite vegen
over ville heia
Ei grastue her, ein stein der
og stien svingar seg rundt det alt i hop
hit og dit, og lett å miste

av syne, aleine virrar vi rundt
hit, dit?
må berre ta eit val
om det er aldri så gale
og er ein to, er det nesten umogleg

Det er i grunn utruleg
kor mange som finn fram

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar