lørdag 10. november 2012

Siktelinja



Eg treng noko å sikte etter
på jakt
etter meining
Eit korn, eit kryss
i kikkertsiktet
Verda er stor, kronglete
på så mange, rare måtar
Det er lett å gå seg vill

Eg treng ei siktelinje
Ein eld bak horisonten
som kan legge leia
i opprørt farvatn

Eg treng noko å styre etter
Noko solid, uforanderleg
i ei verd i konstant endring
Eit fast punkt, som kan støtte spettet
der eg grev ut fundamentet
for livet mitt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar