torsdag 1. november 2012

Nokon der ute?



Nokon lyste på meg
i dag
med ein fjern lyskastar


Nokon eg ikkje veit kven er
der ute
ein stad, langt vekke


Nokon, der ute? kanskje
nokon
som lurar på kva eg gjer


Nokon som er litt for nysgjerrige
kanskje
eller ikkje veit å avgrense seg


Eller nokon som vil ha kontakt
eller
gjer sitt beste for å unngå det


Kva veit vel eg om
det
Det var umogeleg å sjå noko i motlyset

1 kommentar:

  1. Via ein kommentar du hadde på bloggen til Marita Baluba kom eg hit inn til din fine blogg.
    Nokre står fram med fullt navn her i den virituelle verda, andre som meg, utan blogg, går forsiktig rundt og finn perler som eg kosar meg med.Du har ein god penn og eit godt blikk.
    Eg kjem nok innom att :)

    Med venleg helsing Marie

    SvarSlett