mandag 5. november 2012

Himmelprotest



Himmelen speglar
mitt logande hjarta
Det brenn av ein flammande
indignasjon, nesten hat

Ikkje mot deg, ikkje mot andre
Men mot systemet,
som knekk av så mange små
spirar
Riv dei opp
før dei får sjansen til
å feste røtene
i vårt frie jordsmonn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar