onsdag 3. oktober 2012

Under huda




Det er fargane det handlar om
Fargane som kryp inn
Kroar seg rett under huda
Buset seg, endå ein gong
For ei tid
Raude, gule, duse og klare
Dei går saman
Eit bilete i lag, av fred
Harmoni
Velvære
Eg har det under huda
Det sit som spikra

Samtidig er dei bodberarar
Til meg – frå naturen
- Klokka tikkar, det nærmar seg
Enden på det gamle

Og starten på alt nytt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar