søndag 14. oktober 2012

Tomme hender



Vinteren kjem
Eg har tomme hender
Alt eg hadde
tok haustvinden og blåste bort
Det forsvann
ut i det store ingenting

Vinteren kjem
Kulda festar taket
i mine tomme hender
Eg ser så mange andre
med famnen full
Hender med innhald
Rake ryggar og store smil

Sjølv kryp eg saman
av synet
Vinteren kjem
Eg gøymer meg under
eit teppe av kulde
og sakn

Her sit eg
Aleine
Med mine tomme hender
og tomme, bankande
hjarta
Og ein lengt i blikket
mot alt det eg mista
og tapte

2 kommentarer:

  1. Dette rørte meg. Kjenner på den følelen selv, skjønt helt tomme hender har jeg jo ikke... Sender deg en god klem i høstmørket.

    SvarSlett
  2. Nei, det er godt at livet ikkje er så einsidig mørkt som i eit trist dikt... Ynskjer deg gode dagar med mange lysglimt!

    SvarSlett