fredag 19. oktober 2012

Stjernevatn



Tusen falne stjerner
Blinkande, tindrande
over den blåe havflata
Eit Fata Morgana for romlengtaren
som om natta stirrar opp mot det nattsvarte
glitrande himmelhavet
med lengsel i blikket

Stjernevatnet lokkar og dreg:
Kom nærare
du lengtande hjarte
Mett deg på alt det auga kan ta inn!

Likevel: Det er ikkje nok
Dei falske illusjonane smakar søtt
men ettersmaken er bitter
Og lengten berre veks
etter kvart som dei innhole draumane
avslører seg sjølv og bleiknar

Det er dei ekte, stabile varene
du søker
Ropar stjernehimmelen,
gøymt bak sin blåe fasade

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar