søndag 21. oktober 2012

Som eit pust er mennesket...



Det heile gjekk så raskt!
Først eit hol i den rolege flata,
etterfølgt av vatn som samla seg
i midten
stod som ei søyle mot himmelen
før det delte seg og dalte
som tusen separate dropar
mot vassflata
Eit flatt plask mot æva
Så var det bølgjer, først litt høge ringar
etterfølgt av stadig mindre
mindre
og mindre
heilt til vassflata igjen låg roleg
Så roleg, at det var vanskeleg å tru
at noko hadde hendt
i det heile
Så raskt gjekk det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar