onsdag 17. oktober 2012

Sinnsro



Eg set meg ned på ein stein
i skogkanten
Lener ryggen opp mot eit tre

Rykande varm kakao i ein kopp
varmar nestenfrosne hender
Eg tek ein slurk,

ser utover landskapet framfor meg
Lyset vert sakte dempa
Og den raude sola gøymer stille sitt andlet

Tilbake ligg eit fargedryss over himmelen
Ikkje ein lyd kan høyrast
Berre ein beskjeden vind
listar seg mellom trea

Hjarterytmen senkar seg
Pulsen kviler, kroppen sig saman
i haustleg velvære

Og tankane
som så ofte kvernar rundt store og små
problem
finn skogstakta, naturen sin rolege puls

Dette er det kroppen min lengtar etter
I bilen til jobb, i bilen frå jobb
Dette er mi straumkjelde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar