lørdag 13. oktober 2012

Matematikk



Over heile skogen finn eg
matematikk
Mønster, inngravert i detaljar
vi nesten aldri ser
Regelmessige vitne
om ein matematikar
med sans for det vesle
Det du må leggje deg på kne
og komme så nær
at du må leggje kinnet mot bakken
for å kunne sjå

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar