mandag 8. oktober 2012

Livet, slik det vart




Eg minnes tida
som lukkeleg ungtre
Då stod eg og veiva mot vinden
Fri og forventingsfull
til alt eg skulle få sjå
når eg berre vart høgare

Tida strekte seg, og eg
strekte meg oppover
Alltid oppover, og ut
Gleda bobla i meg
Alt i verda var nytt
og eg møtte den
med eit ope sinn

I dag er det rart å tenkje tilbake
På den eg var
Naiviteten, kor eg var uavgrensa
nyfike på verda og framtida
I dag har eg erfaring, eg er endra
Eg tenkjer ikkje lenger slik eg gjorde

Verda har herja med meg
Vinden har blåse meg skeiv
Regnet har sett sine spor i barken
Og eg har sett
at eg er eit tre for meg sjølv
og verda spelar ikkje alltid på lag

Eg har sjølv måtte danna mitt bilde
Ingenting har kome gratis,
flygande med den varme kveldsvinden
Kampane mine har vore mange
Og prøvingane harde

Likevel, eg står her endå
Eg strekk fortsatt armane oppover
mot himmelen
Og eg syng fortsatt dei stille songane
om kvelden
Eg er ikkje den eg trudde eg skulle bli
Verda er ikkje slik eg håpa

Likevel, eg står
Her
Endå

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar