fredag 12. oktober 2012

Haustpakking



Naturen gjer seg klar
Til den store stilla
Den pakkar saman smått og stort
Og den må vere snar

Snart stig kulda inn
Og gjer krav på alt som sitt
Den legg sitt lokk på smått og stort
Og gjer det hardt som tinn

Lauva skal bli pakka vekk
Og skjult av den første snøen
Som eit stille teppe over smått og stort
Så langt auga mine rekk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar