fredag 26. oktober 2012

Engledraum



Eg vatnar blomen
med tårer
Eg vatnar
med lengsel, med sorgtunge
bankande hjarteslag
for det gryande livet
Det spede, nystarta livet
Så skjørt, så skjørt

Eg vatnar blomen
med glede
Eg vatnar
med håp, med gryande
vårlette tankar
og nysådd, spirande kjærleik til
Det nystarta livet som kom
frå æva og inn i tida

Eg vatnar blomen
med bøner
Eg vatnar
med trufaste, vedvarande
ord til vår Skapar
Eg ber om visdom
om hjelp til å vakte
Det vakre, nye livet som kom
som ei frydefull gåve til oss

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar