tirsdag 16. oktober 2012

Detaljane, menneske!



Dei er så vanskelege å sjå
Detaljane, dei små

Ikkje fordi dei er skjulte,
Eller prøver å gøyme seg vekk
Gjere seg usynlege, umerkelege

Nei, det er eg som er problemet
Auga mine, som sveipar over landskapet
Beina mine, som hastar av garde
Hovudet mitt, alltid oppteke
av neste problem. Alltid neste
Alltid travel

Det er eg som ikkje bøyer meg ned
Set knea i bakken, vender auga nedover
Det er eg som ikkje ser,
for detaljane er der:
Vakre
Storslåtte
Stille vitne om noko stort

Det er eg som ikkje ser
Ikkje tek meg tid
til å sjå

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar