onsdag 31. oktober 2012

Det som ikkje vart sagt



Det ligg der
som ein knusande stein
mellom oss
Alt
som ikkje vart sagt
Dei stumme orda,
skar som ein kniv
tvers gjennom lufta, mellom oss

og kutta av den tause samtalen
alt før den fekk starta

No, med ryggen til, kjem eg på orda
men det er vel for seint?

2 kommentarer:

  1. Du så fint du skriver! Kommer til å følge bloggen din. TAKK for at du deler.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for gode ord. Og du er hjarteleg velkommen til å følge!

    SvarSlett