fredag 7. september 2012

Sorg II

Som eit ørkenlandskap
Er hjarta mitt
Aude og tomt
Tørt og avsvidd

Då du forsvann
Kvarv, endå før eg fekk sjå deg
Tørka kjeldene inn
Vatnet slutta renne
Og regnet kom ikkje meir

No er alt ørken og sand
På alle kantar
Den einaste væta
Er tårene mine mot jorda

Ein dag vil eg sjå ein oase
Ein dag vil føtene igjen trø i graset
Og blomar vil bløma
Og trea spire

Men ikkje endå
Ikkje i dag
Ikkje i morgon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar